Maritim maskinoffisersutdanning

  • Studiefakta

    • Studienivå
      Høyere yrkesfaglig utdanning, nivå 5.2
    • Fagområde
      Maskinoffiser
    • Studieprogram
      Maritim Maskinoffisersutdanning
    • Studiepoeng
      120
    • Studiested
      Stavanger
    • Studieform
      Heltid
    • Start
      2023 Høst

Kort om studieprogrammet

Hensikta til studiet er å utdanne maskinoffiserar med moral, haldningar, kompetanse og yrkesetikk som kjenneteikn på den kvalitet som krevjast for å møte utfordringar i næringa. Utdanninga skal sikre internasjonale og nasjonale krav til kompetanse ved at:

  • Opplæringa skal legge grunnlag for ei åtferd som gjer at helse, miljø og sikkerheit blir teke vare på.
  • Opplæringa skal gi studentane forståing for samspelet mellom teknikk, miljø og samfunn
  • Opplæringa skal også bidra til å utvikle samarbeid, kommunikasjon og evne til å løyse problema.

Formelle opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak er:

  1. fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som motormann.
  2. realkompetanse

Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.

  • For søkarar til maskinoffisersutdanninga er det krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy.
  • Relevant og bestått utdanning innanfor motormannfag kan telle med inntil to år

Læringsutbytte

"Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring" (NKR) ble i 2011 fastsett av Kunnskapsdepartementet. Dette er knytt til European Qualification Framework (EQF), noko som gjer det mogeleg å samanlikne kvalifikasjonar i alle EU-/EØS-land NKR beskriv ulike nivå av kvalifikasjonar i form av læringsutbytte. Læringsutbyttet skal beskrive kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som studentane oppnår ved fullført utdanning. For alle utdanningar blir det utarbeidd læringsutbyttebeskrivingar (LUB) både på overordna nivå og for kvart emne i utdanninga. Utdanninga maskinoffiser er ei toårig utdanning på fagskulenivå, og høyrer heime på nivå 5.2 i NKR. For utfyllande informasjon om NKR sjå: www.regjeringen.no og www.nokut.no.

Kunnskap

Kandidaten

  1. har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av maskineri med tilhøyrande verktøy og system om bord på skip tilsvarande krav satt i STCW for maskinsjef og førstemaskinist.
  2. har kunnskap om konstruksjon, reparasjonar, vedlikehald og drift av elektriske og elektroniske anlegg med tilhøyrande verktøy og system om bord på skip tilsvarande krav satt i STCW for maskinsjef og førstemaskinist.
  3. har kunnskap om økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk for å lede teknisk drift og operasjon av skip.
  4. kan vurdere eige arbeid som leiende maskinoffiser i forhold til IMOs konvensjonar, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter.
  5. kjenner til skipsfartens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet både nasjonalt og internasjonalt.
  6. har kunnskapar om skipsfart og ein maskinoffisers rolle i yrkesfeltet.
  7. kan oppdatere sin yrkesfaglige kunnskap om miljø, sikkerheit og skipsteknisk drift.
  8. har innsikt i eigne utviklings muligheiter i bedrifta, hos verft og utstyrsleverandører, samt liknande yrker

Ferdigheter

Kandidaten

  1. kan gjøre reie for sine faglige val av materialar, metodar, prosesser og teknikkar i leiinga av skipets reparasjonar, vedlikehald og teknisk drift.
  2. kan reflektere over sin eigen utøving som leiande maskinoffiser ved å kartlegge ein situasjon, gjennomføre ei analyse og justere denne under rettleiing.
  3. kan finne og vise til informasjon og fagstoff, regelverk, avtaleverk, prosedyrar og forskrifter for å vurdere relevansen for yrkesfaglige problemstillingar som oppstår ved den skipstekniske drifta.
  4. kan kartlegge ein situasjon som oppstår i maskinrommet eller ved andre driftssystem om bord, identifisere problemet og finne behov for iverksetting av tiltak.

Generell kompetanse

Kandidaten

  1. kan planlegge og gjennomføre oppgåver og prosjekter innan skipsteknisk drift, åleine eller som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer for kvalitet, teknologi og miljø både nasjonalt og internasjonalt.
  2. kan utføre arbeid med drift, overvaking og vedlikehald av maskiner, elektriske og elektroniske anlegg i tråd med lover, forskrifter, produsentens anbefalingar og anerkjente prinsipp og framgangsmåtar.
  3. kan utføre arbeid med omsorg for skip, personer og miljø i tråd med lovverk og anerkjent sikkerheitspraksis.
  4. kan utføre arbeid som involverer økonomi og leiing, norsk, matematikk, fysikk og engelsk som er relevant for ein leiende maskinoffiser.
  5. kan utveksle synspunkt med andre med bakgrunn innan skipsteknisk drift, samt eksterne målgrupper som leverandører, myndigheter og klasseselskap, og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis ved drift, vedlikehald og operasjon av skip.
  6. kan bygge relasjonar med fagfeller gjennom sitt arbeid i eit lokalt og globalt perspektiv på tvers av fag, samt med leverandører av varer og tenester
  7. kan bidra til organisasjonsutvikling ved å holde seg oppdatert på skipsfartens rolle i samfunnet og ny teknologi som kan føre til nyskapning og innovasjon.

Studiets struktur og oppbygning

Normert arbeidsmengde pr. studieår for dette studiet er 1700 timer pr. år (samla 3400 timer), som fordeler seg på følgande måte: 22 timer (à 45 minutter) pr. studiepoeng til planlagde aktiviteter i regi av skulen og 6,3 timer pr. studiepoeng som studenten tilrettelegg for sjølv

Studiemodeller

Maritim Maskinoffiserutdanning
EmneType2023 H2024 V2024 H2025 V
Basiskurs
981410
Basiskurs
6669
Basiskurs
2412
Basiskurs
101087
Basiskurs
3212

Utdanningsform

Undervisningsformene i studiet skal vere relevante for fagfeltet og hensiktsmessige i høve læringsutbytte for utdanninga. Det vert lagt stor vekt på å nytta varierte læringsaktiviteter og ei praktisk tilnærming i kvart emne. Det er viktig at studentane får både teoretisk og praktisk forståing av faget og bransjen.

I tillegg til fagleg utvikling skal studentane utvikle evne til samarbeid, kommunikasjon og praktisk problemløysing. Skulen forventar at studentane viser initiativ, tar ansvar for eige studiearbeid og felles læringsmiljø og viser ei konstruktiv og kritisk haldning til studieopplegget. Studentane har praktisk erfaring innan eigne fagområde frå tidlegare utdanning/praksis, og dette gjev høve til å legge til rette for erfaringsbaserte og studentsentrerte læringsformer. Gjennom pedagogisk leiing skal studentane trekkast aktivt med og trenast opp til refleksjon omkring eigen læringsprosess. Variasjon i val av læringsaktivitetar er nødvendig for at studentane skal oppnå heilskapleg kompetanse som omfattar både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Undervisning

Det vert førelesningar og gjennomgang av teori, spesielt knytt til presentasjon av basiskunnskapar. Til dette vert det nytta tavle, presentasjonar, video/nett, diskusjonar og dialogundervisning for å få variasjon og deltaking frå studentane.

Studiet legg vekt på å knyta teorien til praktiske demonstrasjonar og øvingar på skulen sine simulatorar. Desse aktivitetane vert gjennomført av emnelærarane. Det vert nytta prosjektarbeid som læringsaktivitet i nokon emne, både individuelt og i grupper, tilpassa tema. Nokre prosjektarbeid vert avslutta med presentasjonar. Studentane skal arbeide med teoretiske oppgåver, dokumentere demonstrasjonar og praksis med logg og refleksjon, samt diskusjonar i klassen. Læringsaktivitetane skal gjennom pedagogisk leiing motivere studentane til sjølvstendig og aktiv refleksjon over egne læringsprosess og bidra til at læringsutbytta for studiet vert nådd.

Læringsaktiviteter

Skolen vil nytta ulike læringsaktiviteter for at studentane skal nå overordna læringsutbytte for utdanninga:

  • Lærarstyrt undervisning og førelesningar i klasserom
  • Simulatorbruk
  • Praktiske demonstrasjonar med logg og refleksjon
  • Individuelle arbeidsoppgåver
  • Prosjektarbeid og prosjektoppgåver (både gruppe og individuelt)
  • Presentasjonar
  • Bedriftsbesøk og studieturar
  • Diskusjonar

Sluttvurdering

STCW-konvensjonane og Forskrift om kvalifikasjonar og sertifikat for sjøfolk legg sterke føringar for korleis kompetanse skal vurderast og kva for kriterier som skal ligge til grunn for vurderinga. Sjøfartsdirektoratet krev at det som eit minimum skal vere etablert eit formalisert eksamenssamarbeid mellom tre tilbydarar. Fagskulane har valt å utvide dette samarbeidet til å gjelde alle fagskulane som tilbyr maritim utdanning. Dette betyr at studentane får lik eksamen i alle eksamensemna uansett kva for skule man studerer ved. For å sikre at sjølve eksamen ikkje er kjent for den enkelte faglærer, skal det etter krav frå Sjøfartsdirektoratet føreligge minst tre forslag til eksamen i kvart eksamensemne. Av desse skal det trekkast ut to som skal nyttast, ein for ordinær eksamen og ein for ny/utsatt eksamen. Kva for eksamenssett som blir trekt ut, skal ikkje vere kjend verken for lærarkollegiet eller studentar før eksamen startar. Samarbeidet mellom tilbydarane omfattar òg sensur og klagesensur

Emneinnhold i Maritim Maskinoffiserutdanning

EmnebeskrivelseInnholdStudiepoeng
00TM06A Maskineri

Teoretisk kunnskap
Oppbygning og virkemåte
Klargjøring, start og drift av maskineri (simulator)
Operasjon og drift
Lense-, bunkers- og ballastoperasjoner
Maskinvakt (ERM)
Ny teknologi utover STCW

34
00TM06B Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar

Grunnleggende elektro
Skipselektriske anlegg
Elektrisk og elektronisk kontrollutstyr
Vedlikehold av elektrisk utstyr
Overvåking og feilsøking av el. anlegg

27
00TM06D Vedlikehald og reparasjoner

Vedlikehold og reparasjoner på maskineri
Vedlikeholds styring
Drifts- og tilstandskontroll av maskineri

9
00TM06E Skipsteknikk og skipets stabilitet

Skipets konstruksjon (Skipsteknikk)
Skipets stabilitet og trim
Belastning

8
00TM06F Maritim engelsk

Utføre maskinoffiserens plikter
Skipstekniske publikasjoner
Drift og vedlikehold av skipsmaskineri og fremdriftssystemer
Skipets sjødyktighet, sikkerhet og drift
Lovgivende tekster
Kommunisere med et flerspråklig mannskap

6
Sum84

Forventet arbeidsinnsats i Maritim Maskinoffiserutdanning

EmnebeskrivelseLærerstyrt undervisningEgenstudierSum
00TM06A Maskineri748215963
00TM06B Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar594171765
00TM06D Vedlikehald og reparasjoner19857255
00TM06E Skipsteknikk og skipets stabilitet17651227
00TM06F Maritim engelsk13238170
Sum18485322380

STCW in Maritim Maskinoffiserutdanning

EmnebeskrivelseSTCWStudiepoeng
00TM06A MaskineriA-III/2, B-II/2, B-III/134
00TM06B Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonarA-I/7, B-III/227
00TM06D Vedlikehald og reparasjonerA-I/7, A-II/19
00TM06E Skipsteknikk og skipets stabilitetA-III/1, B-II/28
00TM06F Maritim engelsk6
Sum84

Pensum

Pensum for Maritim Maskinoffiserutdanning